Krav om utskriving frå tvungent psykisk helsevern

Høgsteretts dom, 11.09.2014, HR-2014-01792-A, (sak nr. 2014/1279), sivil sak, anke over dom

A (advokat Kai Stephansen) mot staten v/Helse- og omsorgsdepartementet (advokat Helge Røstum)

Dommarar: Tønder, Matheson, Ringnes, Noer, Skoghøy

Saka gjaldt krav om utskriving frå tvungent psykisk helsevern, jf. lov om psykisk helsevern § 3-7, jf. 3-3. Den aktuelle problemstillinga var kor raskt forverringa etter utskriving må inntre for at denne forverringa kan gi grunnlag for å halde ein som har ei alvorleg sinnsliding, under vidare tvungent psykisk helsevern, jf. uttrykket "i meget nær framtid" i § 3-3 første ledd nr. 3 bokstav a.

Høgsterett kom til at ei vesentleg forverring som inntrer etter tre til fire månader etter utskrivinga, oppfyller krava i lova. Høgsterett har tidlegare i to dommar, i tråd med fråsegner i lovforarbeida, lagt til grunn at forverringa ikkje må inntre vesentleg etter to månader etter utskrivinga. Det blei lagt vekt på at dagens depotmedisin har lengre verketid enn det fråsegnene i lovforarbeida og tidlegare høgsterettspraksis bygde på.

Les heile avgjerda