Utmåling av oppreisingserstatning til etterlatne etter grovt aktlaust drap

Høyesteretts dom, 25.09.2014, HR-2014-01899-A, (sak nr. 2014/655), sivil sak, anke over dom

A (advokat Jørund Lægland) mot A (advokat Per Ove Marthinsen) og B mfl. (advokat John Christian Elden)

Dommarane Utgård, Tønder, Ringnes, Bull, Gjølstad

A vart i tingrett og lagmannsrett domfelt for aktlaust drap, jf. straffelova § 239 første straffalternativ, og for brot på føresegner i vegtrafikklova. Han vart også dømd til å betale oppreising til etterlatne av den avlidne, jf. skadeserstatningslova § 3-5. Dei tidlegare rettane la til grunn at handlinga var grovt aktlaus, og dette var ikkje omtvista for Høgsterett.

Høgsterett sette norma for oppreising til ein etterlaten ved grovt aktlaust drap til 125 000 kroner, som er ein auke frå 75 000 kroner. Dette er ei justering for grovt aktlaust drap som svarar til den som tidlegare er gjord for forsettleg drap.

Ei slik norm skal som utgangspunkt leggjast til grunn for alle grupper av etterlatne som har krav på oppreising. Høgsterett kom til at det ikkje var grunn til unntak fordi om foreldra til avlidne er busette i eit lågkostland.

Høgsterett kom også til at det i ei sak om oppreising må særs mykje til for at normbeløpa skal setjast ned eller lempast ut frå skadevaldaren si økonomiske bereevne samanhalde med omfanget på kravet. Mellom anna vil dette vere uheldig ut frå at personlege omstende hos dei etterlatne ikkje blir gjorde til gjenstand for vurdering eller bevisføring under ei oppreisingssak.

Les heile avgjerda