Spørsmål om det ved sal av ei rundballepresse var gitt ein garanti som innebar at seljaren hadde bevisbyrden for at pressa ikkje var mangelfull

Høgsteretts dom, 04.09.2014, HR-2014-01770-A, (sak nr. 2014/805), sivil sak, anke over dom

Kjell Oluf Kåre Jensen (advokat Kjetil Krokeide) mot Ørjedal Maskin AS (advokat Hedvig Cecilie Svardal)

Dommarar: Bergsjø, Kallerud, Øie, Endresen, Matningsdal

Saka gjaldt spørsmålet om det ved sal av ei rundballepresse var gitt ein garanti som innebar at seljaren hadde bevisbyrden for at pressa ikkje var mangelfull. Seljaren hadde i kjøpekontrakten stadfesta at pressa skulle fungere "under normale nordnorske høsteforhold inneværende sesong". Høgsterett kom til at dette var ein funksjonsgaranti som fall inn under kjøpslova § 21 andre ledd. Ein slik garanti inneber at seljaren får bevisbyrden for at ein funksjonssvikt som oppstår i garantitida, ikkje kjem av manglar ved salsgjenstanden. Seljaren må dermed føre bevis for at svikten kjem av uforsvarleg bruk eller andre forhold som garantien ikkje dekkjer. Lagmannsretten hadde lagt bevisbyrden på kjøparen, og dommen i lagmannsretten blei derfor oppheva. 

Les heile avgjerda