Ansvarsspørsmål i samband med krav om erstatning etter ombygging av eit eldre trehus

Høgsteretts dom, 5.3.2015, HR-2015-00537-A, (sak nr. 2014/1493), sivil sak, anke over dom

Bori BBL (advokat Inger-Johanne Lund) mot Lørenfallet Borettslag (advokat Egil Jarslett)

Dommarar: Bårdsen, Skoghøy, Stabel, Arntzen, Schei

Saka gjeld krav om erstatning for tap i samband med ei fullstendig, men heilt mislykka, ombygging av ein eldre bygning til åtte leilegheiter organiserte som eit burettslag. Fleirtalet på tre dommarar slår i dommen fast at eit føretak som har teke på seg rollene som ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande overfor dei kommunale bygningsmyndigheitene, kan bli erstatningsansvarleg for tapet kjøparen blei påført som følgje av at det ansvarlege føretaket ikkje skjøtta ansvaret på ein tilfredsstillande måte, slik plan- og bygningslova føreset, jf. skadeerstatningslova § 2-1. Mindretalet på to dommarar meinte at brotet på dei offentlegrettslege pliktene vis-à-vis dei kommunale bygningsmyndigheitene ikkje kunne danne grunnlag for slikt erstatningsansvar.

Les avgjørelsen i sin helhet