Forskjellsbehandling ved tildeling av offentleg støtte til privatskolar
Høgsteretts dom, 12.2.2015, HR-2015-00312-A, (sak nr. 2014/1188), sivil sak, anke over dom
Stiftelsen Oslo By Steinerskole (advokat Bjørn Brodwall) mot Staten v/Kunnskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Anders Blakstvedt)
Dommarar: Bergsjø, Kallerud, Øie, Matheson, Matningsdal
Saka gjaldt spørsmålet om Oslo By Steinerskole var utsett for ulovleg forskjellsbehandling ved tildeling av statstilskot til musikklinja ved skolen i perioden 2009−2013. Skolen hadde sett fram krav om ugyldigheit og erstatning som følgje av at dei ikkje fekk det same særlege tilskotet som Kongshaug Musikkgymnas, men fekk ikkje medhald. Høgsterett forkasta anken over dommen i lagmannsretten.
Høgsterett fann at løyvingsvedtaka ikkje kunne kjennast ugyldige som følgje av at departementet hadde misforstått kompetansen sin og/eller signala frå Stortinget under budsjettbehandlinga. Dommen inneheld her fråsegner om korleis ein skal forstå privatskolelova § 6-1. Høgsterett fann vidare at FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar berre vernar enkeltindivid, og at Oslo By Steinerskole dermed ikkje kunne gjere gjeldande diskrimineringsvernet i konvensjonen. Fordi det ikkje var sannsynleggjort nokon årsakssamanheng, fekk skolen heller ikkje medhald i kravet om erstatning på grunn av påstått mangelfull tilrettelegging for budsjettvedtaket i Stortinget.