Frådragsrett for bidrag til infrastruktur

Høgsteretts dom, 26.2.2015, HR-2015-00461-A, (sak nr. 2014/579), sivil sak, anke over dom

Bjørvika Kontorbygg I AS (advokat Cecilie Amdahl) mot Staten v/Skatt øst (Regjeringsadvokaten v/advokat Ida Thue)

Dommarar: Endresen, Bårdsen, Bull, Normann, Skoghøy

Saka gjaldt likninga av eit av selskapa som i samband med utviklinga av Bjørvika i Oslo betalte infrastrukturbidrag som skulle dekkje utgifter til bygging av interne vegar, kaifront med vidare. Omfanget av forpliktingane utbyggjarane hadde, var fastsett i ein utbyggingsavtale mellom Oslo kommune og grunneigarane.

Selskapet som saka gjaldt, tok ved kjøpet av tomta på seg ansvaret for den delen av det samla infrastrukturbidraget som etter ein avtale inngått av seljaren skulle allokerast til tomta. Som dei tidlegare instansane kom Høgsterett til at overtakinga av ansvaret for bidraget måtte reknast som ein del av kjøpesummen og da aktiverast på tomta.

I dommen er det òg fråsegner av meir alminneleg karakter som søkjer å klargjere den skattemessige konsekvensen av at kjøparen i samband med eit erverv må ta på seg forpliktingar som inneber utlegg.

Les heile avgjerda