Krav om erstatning for tap av forsørgjar etter trafikkulykke
Høgsteretts dom 5.2.2015, HR-2015-00277-A, (sak nr. 2014/1825), sivil sak, anke over dom
A, B, C (advokat Espen Simonsen) mot Trafikkforsikringsforeningen (advokat Terje Marthinsen)
Dommarar: Normann, Skoghøy, Ringnes, Bårdsen, Tjomsland
Saka gjaldt krav om erstatning for tap av forsørgjar etter trafikkulykke og særleg spørsmålet om – og eventuelt i kor stor utstrekning – dei etterlatne skulle identifiserast med den avdøde ved bruken av bilansvarslova § 10 første ledd andre punktum.
Høgsterett kom til at dei etterlatne ikkje fullt ut kunne identifiserast med den avdøde, jf. Rt. 1997 side 149 og Rt. 2014 side 1192. Erstatninga blei redusert med 10 prosent som følgje av manglande forsikringsdekning og med 20 prosent som følgje av at føraren var påverka av alkohol.
Alle dommarane var einige om at regresskravet frå Trafikkforsikringsforeningen ikkje kunne gjerast gjeldande mot ektefellen til den avdøde. Fleirtalet viste til at når den avdøde sjølv ikkje kunne ha vore pålagd å betale for dei økonomiske konsekvensane av dødsfallet, kunne heller ikkje den attlevande ektefellen påleggjast eit slikt ansvar etter skiftelova § 78. Éin dommar – Normann – hadde ei anna grunngiving.