Krav om erstatning for ulovleg felling av tre på naboeigedom i eit hytteområde

Høgsteretts dom, 13.2.2015, HR-2015-00361-A, (sak nr. 2014/1326), sivil sak, anke over dom

A (advokat Erik Ottemo) mot Fiskaa Funksjonær Hytteforening (advokat Robin Aker Jakobsen)

Dommarar: Stabel, Normann, Arntzen, Noer, Tjomsland

For å forbetre fjordutsikten frå eigedommen sin hadde ein hytteeigar i Søgne på Sørlandet hogd ned 14 velvaksne furuer på naboeigedommen. Høgsterett kom til at han måtte betale 400 000 kroner i erstatning til hytteforeininga. Beløpet var erstatning for dei utgiftene hytteforeininga ville få til å plante ut nye tre som eit rimeleg tiltak for å rette opp skaden. Beløpet skulle dekkje kostnadene til nokre lågare tre for å skjerme for innsyn, og nokre dyrare, høge tre for å rette opp att skogpreget.

Høgsterett kom, som både tingretten og lagmannsretten, til at A hadde vore grovt aktlaus da han ut frå ein lausleg munnleg samtale om topping av nokre furuer og to e-postar til foreininga som han ikkje hadde fått svar på, meinte å ha fått løyve. Men i motsetning til tingretten, som målte ut erstatninga til 800 000 kroner, og lagmannsretten, som sette erstatninga til 600 000 kroner, meinte Høgsterett at skuldgraden ikkje hadde noko å seie for kor stor erstatninga skulle vere. På dette punktet inneheld dommen også generelle fråsegner om ansvarsgrunnlaget.

Les heile avgjerda