Retten til å gi frå seg vegrett basert på hevd
Høgsteretts dom 2.2.2015, HR-2015-00218-A, (sak nr. 2014/1400), sivil sak, anke over dom
A, B (advokat Yngve Andersen) mot B, C (advokat Ove Chr. Lyngholt)
Dommarar: Arntzen, Bergsjø, Stabel, Normann, Skoghøy
Saka gjeld retten til å gi frå seg vegrett basert på hevd til seinare frådelte parsellar.
Dommen i lagmannsretten blei oppheva fordi dei meinte at formålet med vegretten og den faktiske bruken i hevdstida var til hinder for å gi frå seg vegrett ved seinare frådelingar av parsellar.
Høgsterett kom til at hevda vegrettar i utgangspunktet har same innhald som tilsvarande rettar som er baserte på avtale. Det følgjer da av servituttlova § 9 at ein kan gi frå seg vegrett til seinare frådelte parsellar under den føresetnaden at det ikkje fører til at den samla bruken overskrid tolegrensa i § 2. Ved denne vurderinga skal det leggjast vekt både på kva som er formålet med retten, og på kva som er i samsvar med "tida og tilhøva".
Den konkrete vurderinga av om tolegrensa er overskriden, skal etter opphevinga gjerast av lagmannsretten.
Dommen er samrøystes.