Tvist om eigedomsrett til sjøgrunn
Høgsteretts dom, 19.1.15, HR-2015-00105-A, (sak nr. 2014/1332), sivil sak, anke over dom
Meland kommune (advokat Pål H. Heldal) mot A (advokat Endre Grande)
Dommarar: Noer, Skoghøy, Endresen, Kallerud, Tjomsland
Meland kommune fekk ikkje medhald i at dei hadde eigedomsrett til sjøgrunnen utanfor ein haldeplass/kai som kommunen eigde.
Lagmannsretten hadde komme til at begge partar mest sannsynleg hadde som føresetnad at sjøgrunnen ikkje skulle følgje med, da grunneigarane avstod grunn til veg og haldeplass til kommunen på 1930-talet. Høgsterett konkluderte med at lagmannsretten ikkje hadde nytta for svakt beviskrav ved avgjerda.
Dommen bidreg til forståinga av føresegna i avhendingslova om at det er ein presumsjon for at sjøgrunnen følgjer med ved sal av eigedom som støyter til sjø.