Deling av ei sivil sak
Høgsteretts dom 10.9.2015, HR-2015-01842-A, (sak nr. 2014/1029), sivil sak, anke over dom
Sawicon AS (advokat Kristoffer Larsen Rognvik) mot Oceanteam Shipping ASA (advokat Martin Berggreen Rove)
Dommarar: Indreberg, Arntzen, Matheson, Stabel, Matningsdal
Høgsterett oppheva lagmannsretten si oppheving av tingrettsdommen.
Tingretten hadde delt ei sak der begge partar kravde dom for rett til design, teikningar med vidare som var brukte i felles skipsbyggingsprosjekt, og erstatning frå den andre parten. Høgsterett meinte, i motsetning til lagmannsretten, at delinga var tilstrekkeleg klar, og at avgjerda var teken utan saksbehandlingsfeil. Om oppdelinga var formålstenleg, kunne ikkje prøvast. Ankedomstolen kan berre prøve om det grunnleggjande kravet til rettferdig og forsvarleg rettargang er oppfylt.
Dommen gjer det tydelegare kva ankedomstolen kan prøve.