Fråtaking av foreldreansvar og adopsjon

Høgsteretts dom 12. oktober 2015, HR-2015-02041-A, (sak nr. 2015/824), sivil sak, anke over dom

X kommune (advokat Hans-Jørgen Andersen) mot A (advokat John Christian Elden)

Dommarar: Ringnes, Øie, Indreberg, Falch, Skoghøy

Høgsterett kom til at det ikkje skulle givast samtykke til fråtaking av foreldreansvar og adopsjon av ei jente på seks år og sju månader.

Barnet blei plassert i beredskapsheim da ho var omtrent halvanna år, etter å ha vore utsett for omsorgssvikt frå mora. Mora er seinare død. Jenta har no budd i fosterheim i fire år og ni månader, og fosterforeldra ønskjer å adoptere henne. Ut frå ei konkret vurdering var Høgsterett einig med fleirtalet i lagmannsretten i at det i dag ikkje er tilstrekkeleg sikkert at fordelane ved adopsjon er så sterke at omsynet til å halde ved like dei biologiske banda mellom barnet og den biologiske faren må vike. 

Dommen presiserer at vilkåret i barnevernlova § 4-20 om at adopsjon må vere til det beste for barnet, er supplert av eit krav om særleg tungtvegande grunnar. I tråd med tidlegare høgsterettspraksis blir det vidare uttalt at avgjerda må baserast på at det er relativt sikkert at det vil vere til det beste for barnet å bli adoptert.

Les heile avgjerda