Spørsmål om aksjeselskap har rett til frådrag for tilskot til offentleg skole
Høgsteretts dom 24. september 2015, HR-2015-01947-A, (sak nr. 2015/310), sivil sak, anke over dom
Staten v/Skatt Midt-Norge (advokat Helge Aarseth) mot Kverva A/S (advokat Sverre E. Koch)
Dommarar: Matheson, Tønder, Kallerud, Bull, Skoghøy
Eit investeringsselskap fekk rett til frådrag for eit tilskot på 50 millionar kroner til oppføring av ein offentleg skole i kombinasjon med eit kulturhus i Frøya kommune.
For holdingselskapet var hovudformålet med tilskotet å kunne tiltrekkje, behalde og utvikle arbeidskraft og kompetanse for verksemda til dotterselskapa i kommunen. Fleirtalet i Høgsterett kom til at det ut frå dei geografiske forholda ville vere vanskeleg å oppnå dette utan tilskotet som gjorde tiltaket mogleg. Bidraget ville også sikre inntektsgrunnlaget for holdingselskapet. Fleirtalet fann ein klar sakleg samanheng mellom tilskotet og næringsverksemda. Kravet i lova til nær og umiddelbar tilknyting var dermed oppfylt.
Mindretalet på éin dommar meinte at tilknytinga mellom tilskotet og næringsverksemda til selskapet var for laus, og at kravet til nær og umiddelbar samanheng derfor ikkje var oppfylt.
Dommen klargjer vilkåra for å kunne krevje frådrag etter skattelova § 6-24.