Straffutmåling for to valdtekter

Høgsteretts dom, 15.4.2015, HR-2015-00792-A, (sak nr. 2014/2114), straffesak, anke over dom

A (advokat Frode Sulland) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Per Eirik Vigmostad-Olsen)

Dommarar: Arntzen, Bull, Tjomsland, Øie, Schei

Høgsterett var einig med fleirtalet i lagmannsretten i at straffa for valdtekt av to kvinner burde setjast til ni års fengsel.

Det låg føre fleire tunge skjerpande omstende i saka. Dei krenkte hadde blitt utsette for drapstruslar og djupt krenkjande handlingar, og begge blei tvinga til å medverke til valdtekt av den andre. Dei blei også tvinga til å utføre seksuelle handlingar med kvarandre. Den domfelte utnytta dessutan at dei var sårbare med tanke på det sosiale stigmaet valdtekta ville innebere for dei og familiane deira. Dei krenkte var omskorne, noko som gjorde dei vaginale samleia særleg smertefulle for dei. Overgrepa varte i minst éin time, noko som må reknast som eit betydeleg tidsrom. I tråd med gjeldande straffutmålingspraksis førte det lange tidsforløpet fram til dommen låg føre i tingretten, til ein viss reduksjon i straffa.

Les heile avgjerda