Straff for skatteunndragingar – Betydninga av særdeles lang saksbehandlingstid fordi anken første gong blei nekta fremma utan grunngiving

Høgsteretts dom 9.10.2015, HR-2015-02033-A, (sak nr. 2015/982), straffesak, anke over dom

A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Leif Aleksandersen)

Dommarar: Stabel, Tønder, Falch, Matheson, Matningsdal

A blei i 2007 domfelt for skatteunndraging på 4,5 millionar kroner til mellom anna fengsel i eitt år og ei bot på 500 000 kroner. Han anka til lagmannsretten, som nekta saka fremma utan grunngiving. Dette var eit menneskerettsbrot, jf. Rt. 2008 side 1764. Etter ein lang prosess blei saka behandla i lagmannsretten i 2013. 120 dagar av fengselsstraffa blei da gjorde til straff på vilkår på grunn av den lange saksbehandlingstida. Da Høgsterett behandla saka, var det gått åtte og eit halvt år sidan tiltalen. Mykje av tida kom av feil frå den tidlegare forsvararen og at den domfelte sjølv unndrog seg frå kontakt. Men også politiet hadde somla. Dette, og det at det uvanleg lange tidsforløpet hadde bakgrunn i eit menneskerettsbrot, gjorde at Høgsterett sette straffa ned til fengsel i ni månader, av dei fem månader på vilkår. Bota blei, i samsvar med rettspraksis, sett ned til 250 000 kroner.

Les heile avgjerda