Straff for aktlaust brot på forbod mot å reise inn i landet etter tidsavgrensa utvisingsvedtak

Høgsteretts dom, 8.6.2015, HR-2015-01205-A (sak nr. 2015/508), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Tønder, Arntzen, Noer, Skoghøy, Schei

Høgsterett heldt ved lag lagmannsrettdommen på fengsel i 1 år og 7 månader. Den tiltalte var tidlegare domfelt éin gong for brot på innreiseforbodet og for å ha opphalde seg ulovleg i landet. At han sa at han ikkje hugsa når vedtaket tredde i kraft, og at han trudde utvisingstida var utløpt, kunne ikkje vere grunn til å vike frå normalstraffenivået, sjølv om lovbrotet kunne vere gjort ved aktløyse og ikkje ved forsett.

Les heile avgjerda