Straffutmåling for fleire tilfelle av seksuell omgang med eit barn under 10 år

Høgsteretts dom, 22.4.2015, HR-2015-00855-A, (sak nr. 2015/3), straffesak, anke over dom

A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Birgitte Istad)

Dommarar: Noer, Skoghøy, Utgård, Arntzen, Tjomsland

Straffa for fleire tilfelle av seksuell omgang med eit barn under 10 år blei sett til fengsel i to år. Den seksuelle omgangen bestod i å sleikje kjønnsorganet til jenta.

Dei straffbare handlingane skjedde for 15–21 år sidan. Lovendringar som skjerpar ei straff, har ikkje tilbakeverkande kraft, og straffutmålinga tok utgangspunkt i straffenivået slik det ville vore på domstidspunktet om ein såg bort frå dei etterfølgjande lovvedtaka. Det hadde sidan gjerningstida vore ei gradvis skjerping av straffene for slike forhold, men det blei i formildande retning lagt vekt på det svært lange tidsforløpet.

Les heile avgjerda