Eigedomsmeklarar har informasjonsansvar for villeiande salsoppgåver

Høgsterettsdom 3. november 2016, HR-2016-2264-A, (sak nr. 2016/412), sivil sak, anke over dom

Tryg Forsikring (advokat Knut Søraas), Norges Eiendomsmeglerforbund (partshjelpar), Eiendom Norge AS (partshjelpar) (advokat John G. Flatabø) mot AmTrust International Underwriters Ltd. (advokat Arne Meidell)

Dommarar: Ringnes, Bull, Stabel, Normann, Øie

Høgsterett kom til at ansvarsforsikringsselskapet til ein eigedomsmeklar hadde informasjonsansvar overfor eigarskifteforsikringsselskapet til seljaren for tap som var forårsaka av ei uriktig og misvisande salsoppgåve.

Bakgrunnen var at det i salsoppgåva ikkje var opplyst at det i ein bustadeigedom mangla bruksløyve for hyblar mv. Kjøparen fekk utbetalt prisavslag og erstatning frå eigarskifteforsikringsselskapet til seljaren, og forsikringsselskapet kravde erstatning frå ansvarsforsikringsselskapet til eigedomsmeklaren for tapet. 

Dommen avklarar at informasjonsansvaret for feil i eigedomstakstar, som Høgsterett har fastslått i to avgjerder frå 2008 og 2015, også gjeld ved feil i salsoppgåva til ein eigedomsmeklar. Dommen behandlar vilkåra for informasjonsansvar generelt og innhaldet i dei ved bustadomsetning gjennom meklar når det er teikna eigarskifteforsikring.

Les heile avgjerda