Forelding

Høgsterettsdom 28. april 2016, HR-2016-899-A, (sak nr. 2015/1661), sivil sak, anke over dom

Tryg Forsikring (advokat Rune N. Stiegler) mot A (advokat Thomas Meinich)

Dommarar: Endresen, Arntzen, Bull, Stabel, Matningsdal

Tvistelova § 6-11 regulerer når det kan takast ut ny forliksklage. § 18-3 inneber ikkje eit unntak frå føresegnene i tilfelle der ny forliksklage blir tatt ut for å avbryte foreldinga.

I ei sak om erstatning etter bilansvarslova kom advokaten til den skadelidne til at det var formålstenleg å levere ny forliksklage i staden for å ta ut stemning. Det var mindre enn eitt år sidan den tidlegare forliksrådsbehandlinga var innstilt, og det var dermed ikkje høve til å ta ut ny forliksklage. Kravet blei likevel ikkje rekna som forelda. Føresegna i foreldingslova § 22 om tilleggsfrist blei vurdert å kunne brukast. Advokaten hadde ikkje opptredd forsettleg, og kravet blei følgt opp på adekvat måte innan fristen som lova set.

Les heile avgjerda