Fortrinnsrett til stilling som førsteamanuensis

Høgsterettsdom 18. november 2016, HR-2016-2346-A, (sak nr. 2016/843), sivil sak, anke over dom

Staten v/Universitetet i Oslo (Regjeringsadvokaten v/advokat Elisabeth Stenwig) mot A (advokat Mariann Helen Olsen)

Dommarar: Bergh, Endresen, Normann, Bergsjø, Stabel

Høgsterett kom til at ein som er tilsett som forskar, ved spørsmål om oppseiing ikkje har fortrinnsrett etter reglane i tenestemannslova § 13 nr. 1 til stilling som førsteamanuensis. 

Saka gjaldt ein mann som gjennom mange år hadde arbeidd som forskar ved Universitetet i Oslo. I samband med vedtaket om oppseiing hadde universitetet ikkje vurdert fortrinnsrett til ledige stillingar som førsteamanuensis. Tenestemannslova § 13 nr. 1 gjeld fortrinnsrett til "annen passende stilling". Sjølv om lønna og det vitskaplege grunnkravet om doktorgrad var det same for forskarstillinga som for stillingar som førsteamanuensis, fann Høgsterett at vilkåret "annen passende stilling" ikkje var oppfylt. Det blei lagt vekt på dei breie krava til kompetanse og den særlege utveljingsprosessen som gjeld for stilling som førsteamanuensis. 

Dommen avklarar innhaldet i omgrepet "annen passende stilling" i tenestemannslova § 13 nr. 1. Dissens 4–1.

Les heile avgjerda