Habilitet for høgsterettsdommarar

Høgsterettsavgjerd 15. januar 2016, HR-2016-00106A, (sak nr. 2015/1740), sivil sak, anke over dom

A (advokat Ketil Sellæg Ramberg) mot staten v/Statens pensjonskasse (Regjeringsadvokaten v/advokat Ketil Bøe Moen)

Dommarar: Arntzen, Falch, Ringnes, Bergsjø, Kallerud

I ei sak om den årlege reguleringa av alderspensjonen til ein pensjonert stortingsrepresentant blei 15 av dommarane i Høgsteretts kjende inhabile. Bakgrunnen er at det i pensjonsordninga til dommarane er fastsett ein tilsvarande reguleringsregel som den som er angripen i saka. Dommen vil dermed kunne få betydning for pensjonsutbetalingane deira. Dei gjenverande fem dommarane er ikkje omfatta av den same pensjonsordninga og blei dermed ikkje kjende inhabile.

Avgjerda er samrøystes.

Les heile avgjerda