Rekkevidda av retten til skattefrådrag for kostnader ved renovering av hus som er driftsmiddel i næring

Høgsterettsdom 25. august 2016, HR-2016-1801-A, (sak nr. 2016/290), sivil sak, anke over dom

Norrøna Eiendom AS, Norsk Eiendom (partshjelpar) (advokat Hugo P. Matre) mot Staten v/Skatt Midt-Norge (advokat Helge Aarseth)

Dommarar: Bårdsen, Webster, Bergh, Ringnes, Tønder

Høgsterett forkasta anken frå skattytaren over lagmannsrettsdommen, der den angripne likninga var oppretthalden.

Eit eigedomsselskap hadde utført ei omfattande renovering av eit kombinert bustad- og forretningsbygg i Trondheim sentrum og kravde frådrag for kostnadene etter skattelova § 6-11 om vedlikehaldskostnader. Likningsmyndigheitene gjorde ein skjønnsmessig reduksjon. Hovudspørsmålet i saka var om retten til frådrag for såkalla tenkt vedlikehald i tilfelle der eit vedlikehaldsbehov blir teke vare på gjennom endringsarbeid, berre gjeld så lenge dei funksjonelle eigenskapane til den aktuelle delen blir oppretthaldne. Høgsterett stadfesta dette.

Dommen bidrar til ei ytterlegare klargjering av den skatterettslege grensa mellom vedlikehaldskostnader som kan trekkast frå, og aktiveringspliktige kostnader.

Les heile avgjerda