Inndraging av unndratt meirverdiavgift, jf. straffelova 1902 § 34
Høgsterettsdom 9. februar 2016, HR-2016-301-A, (sak nr. 2015/1675), straffesak, anke over dom
A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Torstein Hevnskjel)
Dommarar: Normann, Skoghøy, Tønder, Noer, Matningsdal
Høgsterett kom til at det ved berekninga av utbyttet måtte gjerast frådrag for meirverdiavgift som skattekontoret allereie hadde gjort vedtak om. Meirverdiavgift for den perioden vedtaket gjaldt, blei halden utanfor berekninga av inndragingsbeløpet. For dei åra skattekontoret ikkje hadde gjort vedtak, kom Høgsterett til at det ved berekninga av utbyttet måtte gjerast skjønnsmessig frådrag for inngåande avgift. Trass i at den domfelte hadde svak økonomi, og at utbyttet var forbrukt, kunne inndragingsbeløpet ikkje lempast.
Avgjerda gir rettleiing for korleis utbyttet skal bereknast ved inndraging av unndratt meirverdiavgift.