Krav til informasjon om retten til ikkje å vitne mot nærståande
Høgsterettsavgjerd 19. oktober 2016, HR-2016-2171-A, (sak nr. 2016/1269), straffesak, anke over avgjerd
A (advokat Frode Sulland), B (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Torstein Hevnskjel)
Dommarar: Indreberg, Arntzen, Matheson, Utgård, Øie
Eit dommaravhøyr av ei 14 ½ år gammal jente blir ikkje tillate ført som bevis i ei straffesak mot faren.
Før avhøyret hadde jenta blitt forklart at ho kunne velje ikkje å forklare seg, og at ho ikkje trong å seie noko om foreldra, men ho hadde ikkje fått vite at avhøyret kunne brukast som bevis i ei straffesak.
Avgjerda klargjer kva informasjon barn som er fritatt for vitneplikt mot nærståande, må få før dei blir avhøyrde.