Straff for avliving av hund med ulovleg metode som var eigna til å påføre dyret smerte og frykt

Høgsterettsdom 8. februar 2016, HR-2016-295-A, (sak nr. 2015/1882), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Hans Tore Høviskeland) mot A (advokat Even Rønvik)

Dommarar: Indreberg, Ringnes, Noer, Endresen, Matningsdal

Ein 30 år gammal mann blei for grove brot på dyrevelferdslova dømd til fengsel i 90 dagar og tap av retten til å halde husdyr i 5 år. 

Mannen hadde avliva ein hund ved å binde han til eit betongrøyr og kaste han utfor ei bru. Hunden slo seg og døydde av drukning etter tre til fire minutt. Høgsterett kom til at fengselsstraffa i utgangspunktet burde vere på 120 dagar. Det blei gjort frådrag for tilståing.

Dommen inneber ei vesentleg skjerping av straffenivået samanlikna med Høgsteretts praksis etter dyrevernlova.

Les heile avgjerda