Straff for ulovleg rådyrjakt
Høgsterettsdom 14. juni 2016, HR-2016-1253-A, (sak nr. 2016/270), straffesak, anke over dom
A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Eirik Vigmostad-Olsen)
Dommarar: Noer, Sæbø, Falch, Bårdsen, Stabel
Ein mann blei dømd til fengsel på vilkår i 21 dagar, 25 000 kroner i bot og fem års tap av jaktrett for ulovleg rådyrjakt i Østfold.
Rådyret var skote utanom dei fastsette jakttidene. Det var skjerpande at jakta gjekk føre seg i eit bebygd og noko uoversiktleg område.
Avgjerda gir rettleiing for straffenivået for jakt utanom lovleg jakttid.