Straffutmåling ved gjengjelding i form av krenkande ytringar mot dommarar og andre aktørar i rettsvesenet
Høgsteretts dom 12. mai 2016, HR-2016-1015-A, (sak nr. 2016/416), straffesak, anke over dom
A (advokat Arild Dyngeland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Morten Schjetne)
Dommarar: Utgård, Falch, Indreberg, Bull, Matningsdal
Ein mann vart dømd til fengsel i sju månader for brot på straffelova 1902 § 132 a om motarbeiding av rettsvesenet.
Ein mann hadde kome med krenkande ytringar mot to dommarar, eit rettsvitne, ein advokat og ein representant for barnevernstyresmaktene, som alle hadde vore aktørar i saker vedkomade person hadde hatt for domstolane. Dommen gjaldt også to andre, mindre alvorlege, forhold.
Høgsterett – eit fleirtal på tre dommarar – viste til at ein rettsstat er avhengig av at dommarar og andre aktørar i rettsvesenet blir verna mot rettsstridig – utilbørleg – åtferd frå personar som måtte vere misnøgde med embetsførselen deira.
Eit mindretal på to dommarar meinte at handlingane i hovudsak inneheldt grov sjikane, og at straffa burde setjast til fengsel i 90 dagar.
Dommen gir rettleiing om straffenivået ved straffbar motarbeiding av rettsvesenet.