Inntektsfrådrag ved likninga for tap på fordring – verksemdsomgrepet
Høgsteretts dom 23. mars 2017, HR-2017-628-A, (sak nr. 2016/1281), sivil sak, anke over dom
Staten v/Skatt øst (Regjeringsdvokaten v/advokat Nils Sture Nilsson) mot Thinggaard AS (advokat Sigve Braaten)
Dommarar: Normann, Bergh, Arntzen, Falch, Utgård
Høgsterett kom til at det ikkje låg føre rett til frådrag. Vedtaket i skatteklagenemnda var dermed gyldig, og staten v/Skatt aust blei frifunnen.
Eit selskap i eit norsk konsern etablerte to dotterselskap i Storbritannia. Aktiviteten i Storbritannia blei, utover eigenkapital, finansiert med lån frå det norske selskapet. Satsinga i Storbritannia gjekk dårleg. Lånebeløpet blei rekna som tapt, og selskapet kravde frådrag ved likninga. Høgsterett kom til at selskapet ikkje kunne reknast for å drive verksemd, og at vilkåra for skattefrådrag dermed ikkje var oppfylte. Høgsterett bygde på at arbeid utført av tilsette i andre konsernselskap som var knytte til utanlandssatsinga, ikkje kunne reknast som utført for det selskapet som hadde gitt lånet. Selskapet hadde ikkje hatt kostnader i samband med arbeidet som var utført.
Avgjerda avklarar spørsmål som gjeld verksemdsomgrepet i skatteretten, særleg i konsernforhold.