Skattemessig eigar av kraftverk
Høgsterettsdom 22. juni 2017, HR-2017-1231-A, (sak nr. 2016/2035), sivil sak, anke over dom
Staten v/Sentralskattekontoret for storbedrifter (Regjeringsadvokaten v/advokat Hallvard Gilje Aarseth)
Statkraft Energi AS (partshjelper) (advokat Vidar Strømme)
Sauda kommune (partshjelper) (advokat Silje Aga Rogan)
mot
Aktieselskabet Saudefaldene (advokat Erik Thyness)
(Rettslig medhjelper: advokat Morten Goller)
Dommarar: Matheson, Bull, Kaasen, Arntzen, Tønder
Høgsterett kom einstemmig til at eit kraftselskap som leigde kraftanlegg av Statkraft, og som i det same vassdraget hadde bygd eit eige kraftverk som kraftselskapet skulle eige for ein tidsavgrensa periode, også var skattemessig eigar av dette kraftverket i denne perioden. Det var derfor kraftselskapet – og ikkje Statkraft – som etter lova var skattepliktig for naturressursskatt, grunnrenteskatt og eigedomsskatt som "eigar av kraftverk".
Dommen bidrar til å avklare kva ein innanfor kraftverkskattlegging meiner med skattemessig eigarskap.