Tapt heimearbeidsevne for barn

Høgsterettsdom 7. mars 2018, HR-2018-442-A, (sak nr. 2017/1690), sivil sak, anke over dom,
Staten v/Pasientskadenemnda (advokat Anita Bergh Ankarstrand) mot A (advokat Therese Lohne Boehlke)

Dommarar: Høgetveit Berg, Kallerud, Normann, Noer, Endresen

Saka gjaldt pasientskade etter vaksinasjon som førte til narkolepsi. Spørsmålet var om ein gut som var 8 år på vaksinasjonstidspunktet kunne krevja skadebot for tapt heimearbeidsevne ut over den standardiserte skadebota som følgjer av skadebotlova § 3-2a – slik denne regelen lydde før lovendring som tredde i kraft 1. mars 2018. 

Ut frå ordlyden i skadebotlova §§ 3-2a og 3-1, førearbeida og fast og konsistent praksis, kom Høgsterett til at guten 

ikkje kunne krevja skadebot for tapt heimearbeidsevne ut over det som følgde av den standardiserte skadebota for tapt arbeidsevne. 

Dommen får tyding for tolkinga av inntektsomgrepet i skadebotlova § 3-2a for skader som inntrefte før 1. mars 2018.

Les heile avgjerda