Føretaksstraff og oppreising etter arbeidsuhell med dødeleg utgang
Høgsteretts dom 18. september 2018, HR-2018-1769-A, (sak nr. 18-082380STR-HRET), straffesak, anke over dom, Aust Agder Jernmalmgruber AS (advokat Jørn Terje Kristensen) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Tarjei Istad)
Dommarar: Høgetveit Berg, Falch, Normann, Bull, Bårdsen
Innhaldet i "hovedbedrift" i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd.
Saka gjaldt føretaksstraff og oppreising etter arbeidsuhell med dødeleg utgang. Fleire verksemder hadde arbeidstakarar på den same arbeidsplassen. Spørsmålet var kven av arbeidsgjevarane som skulle reknast som hovudverksemd og med det ha ansvaret for ein samordna HMS-plan.
Høgsterett kom til at uttrykket "hovedbedrift", slik det er brukt i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd og utføringsforskrifta § 27-2 femte ledd, viser til ei konkret heilskapsvurdering.
Høgsterett uttala vidare at emnet for vurderinga er kven som er nærast til å ha ansvaret for samordninga av HMS-arbeidet, at det er styrande at hovudverksemda har eit samordnande ansvar og at det berre kan vera ei hovudverksemd. Spørsmålet vert kven av arbeidsgjevarane som har breiast og mest varig eller stabil tilknyting til den samla aktiviteten som skal koordinerast.
Høgsterett kom endeleg til at ein truleg ikkje kan stille opp ei uttømande liste over dei ulike elementa i denne samanlikninga, men peikte på ei rekkje moment som kan ha relevans.
I den konkrete vurderinga la Høgsterett vekt på at den ankande parten som heilskap og over tid dreiv den dominerande verksemda på arbeidsplassen. Anken vart forkasta.
Dommen avklarar det rettslege innhaldet i arbeidsmiljølova § 2-2 andre ledd.