Habiliteteten til fire høgsterettsdommarar i "klimasøksmålet"
Høgsteretts orskurd sagd 28. oktober 2020 av Høgsterett i plenum, HR-2020-2079-P, (sak nr. 20-051052SIV-HRET)
Natur og Ungdom, Föreningen Greenpeace Norden, Naturvernforbundet (partshjelpar), Besteforeldrenes klimaaksjon (partshjelpar) (advokat Emanuel Feinberg), (advokat Cathrine Hambro) mot Staten v/Olje- og energidepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Fredrik Sejersted), (Rettsleg medhjelpar: advokat Anders Flaatin Wilhelmsen)
Dommarar: Øie, Matningsdal, Skoghøy, Møse, Webster, Matheson, Falkanger, Normann, Bull, Kallerud, Ringnes, Falch, Bergh, Østensen Berglund, Høgetveit Berg
I framkant av det såkalla «klimasøksmålet» vart det reist spørsmål om habiliteten til fire av dommarane i Høgsterett.
Ein av dommarane måte vike sete fordi ho var gift med ein lagmann som hadde vore dommar i saka i lagmannsretten, jf. domstollova § 106 nr. 9.
Høgsterett kom samrøystes til at ein annan dommar måtte vike sete fordi ho hadde vore med i utvalet som førebudde Grunnlova § 112 og kom med merknader som står sentralt i plenumssaka, jf. domstollova § 108.
Ein tredje dommar vart samrøystes ikkje kjent inhabil som fylgje av at hennar svigerfar var medlem i ein av organisasjonane som er partshjelpar, jf. domstollova § 108.
For ein fjerde dommar var Høgsterett delt 10−5. Fleirtalet kom til at dommarens engasjement, særleg i ei internasjonal miljørettsforeining, var av ein slik karakter at det – etter ei objektiv vurdering – kunne reisast tvil om hennar objektivitet i denne konkrete saka, jf. domstollova § 108. Mindretalet meinte dommaren ikkje var inhabil.
Saka har relevans for bruken av domstollova § 108.