Ran og omgjering av ungdomsstraff

Høgsteretts dom 26. juni 2020, HR-2020-1351-A, (sak nr. 20-042708STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Arild Christian Dyngeland) mot Påtalemakta (statsadvokat Birgitte Budal Løvlund)

Dommarar: Matningsdal, Matheson, Bergsjø, Falch, Høgetveit Berg

Saka gjeld straffutmåling for ran og trugsmål – og spørsmål om kva for prinsipp som gjeld ved omgjering av ungdomsstraff som fylgje av nye strafflagde handlingar før utløpet av gjennomføringstida, jf. straffelova § 52 c.

Straffa for eit ran vart sett til eitt og eit halvt års fengsel. Det var fleire om lovbrotet. Ranet skjedde i heimen til den krenkte, og det vart nytta pistoletterlikningar. Andre lovbrot, medrekna trugsmål mot andre krenkte under ranet, gjorde at samla straff vart sett til to år.

I tillegg vart ein tidlegare dom på to års ungdomsstraff omgjord til vilkårslaust fengsel i eitt år og to månader etter fråtrekk av to månader for påbyrja ungdomsstraff.

Dommen gjev rettleiing for straffutmåling av ran og for omgjering av ungdomsstraff som fylgje av nye strafflagde handlingar før utløpet av gjennomføringstida, jf. straffelova § 52 c.

Les heile avgjerda her