Sykling i kollektivfelt

Høgsteretts dom 3. september 2020, HR-2020-1723-A, sak nr. 20-034146STR-HRET, straffesak, anke over dom.

A, Syklistenes Landsforening (partshjelpar), Norges Cykleforbund (partshjelpar) (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Monica Krag Pettersen)

Dommarar: Øie, Webster, Bull, Bergh, Høgetveit Berg

Saka gjeld spørsmål om sykling i kollektivfelt på E18 ut av Oslo i rushtida var brot på vegtrafikklova § 3 om at alle skal ferdast omsynsfullt, slik at annan trafikk ikkje unødig blir hindra eller forstyrra. Syklisten hadde vorte bøtelagd for syklinga av politiet, jf. vegtrafikklova § 31.

Høgsterett tok utgangspunkt i at retten til å sykle den aktuelle strekninga i kollektivfeltet på E18, jf. trafikkreglane § 5 nr. 2, ikkje var absolutt. Syklinga måtte skje innanfor rammene av vegtrafikklova § 3 fyrste ledd. Syklisten måtte difor, som alle andre trafikantar, fortløpande vurdere om syklinga ville skapa ein unødig kø i kollektivfeltet.

I den konkrete vurderinga måtte syklistens ulemper ved å måtte sykle ein omveg på ein gang- og sykkelveg vegast opp mot trafikkavviklinga på staden. Høgsterett kom til at syklistens val av å prioritere si eiga sykling i kollektivfeltet framom trafikkavviklinga forstyrra trafikken «unødig».

Høgsterett kom vidare til at syklisten hadde opptredd i det minste medvite aktlaust, jf. vegtrafikklova § 31, og forkasta anken frå syklisten.

Saka gjev rettleiing for forståinga av den grunnleggjande regelen i vegtrafikklova § 3.

Les heile avgjerda her