Identifikasjon av burevisor og konkursbu etter dekningslova § 5-15 fyrste ledd tredje punktum
Høgsteretts dom 1. juli 2021, HR-2021-1442-A, (sak nr. 21-000286SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
RABG AS (advokat Jacob Sverdrup Bjønness-Jacobsen) mot M3 Anlegg AS’ konkursbu (advokat Roald Angell)
Dommarar: Matheson, Kallerud, Ringnes, Bergh og Høgetveit Berg
Spørsmålet i saka var om eit omstøytingskrav var forelda etter dekningslova § 5-15.
Lagmannsretten hadde lagt til grunn at burevisor ikkje reknast som ein del av «boet» etter § 5-15 fyrste ledd tredje punktum, og at revisorens kunnskap difor ikkje var relevant for om fristen tek til å gå. Høgsterett kom samrøystes til at dette var korrekt lovbruk.
Lagmannsretten hadde vidare lagt til grunn at burevisor og buet aldri kan identifiserast på ulovfesta grunnlag ved vurderinga av kunnskapskravet i § 5-15 fyrste ledd tredje punktum. Høgsterett kom samrøystes til at dette var feil lovbruk, og oppheva lagmannsrettens dom.
Dommen gjev rettleiing for når identifikasjon med «vondtruande partstilknytt» kan skje.