Inndraging av mobiltelefon frå mindreårig
Høgsteretts dom 18. november 2021, HR-2021-2249-A, (sak nr. 21-103015STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Anders Morten Brosveet) mot Påtalemakta (statsadvokat Stein Vale)
Dommarar: Normann, Noer, Kallerud, Arntzen, Høgetveit Berg
Saka gjaldt inndraging av ein mobiltelefon som hadde vore nytta til spreiing av eit bilete som seksualiserer born.
Ein 13 år gamal gut hadde på mobiltelefonen sin motteke eit bilete av ei jamgamal jente. Biletet synte det nakne brystet hennar. Guten tok skjermdump av biletet og delte det med to kameratar. Då han tok kontakt med jenta og fortalde henne om biletet, bad ho han om å slette det. Det gjorde han ikkje, men bad jenta fleire gonger om pengar for å slette biletet. Etter ei tid vippsa jenta fyrst 70 kroner og deretter 100 kroner og bad han slette biletet.
Høgsterett kom samrøystes til at det var heimel for inndraging av mobiltelefonen, og at han skulle inndragast i det konkrete tilfellet.
Dommen gjev retningsliner for når ein mobiletelefon – tilhøyrande ein mindreårig – som har vore nytta til spreiing av materiale som seksualiserer born, kan inndragast.