Utmåling av såkalla gjengangartillegg etter gjentekne integritetskrenkingar

Høgsteretts dom 13. desember 2022, HR-2022-2380-A, (sak nr. 22-120084STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Eli Reberg Nessimo)

Saka gjeld utmåling av straff for ein person som fleire gonger tidlegare er straffa for brotsverk av same art; vald, trugsmål og brot på besøksforbod.

Høgsterett kom til at straffa for eitt tilfelle av tre knyttneveslag mot hovudet saman med eit trugsmål om drap, samt tre brot på besøksforbod, isolert sett burde straffast med vilkårslaust fengsel i fire til fem månader.

Ved straffutmålinga var det særleg spørsmål om det måtte gjevast eit tillegg i straffa fordi den domfelte tidlegare ved fleire høve var straffa for liknande lovbrot mot den same fornærma. Høgsterett fann at det ut frå individualpreventive omsyn – det at tidlegare straff hadde ikkje verka tilstrekkeleg avskrekkande – måtte leggjast til om lag sju månader vilkårslaust fengsel.

Saman med straffa for to tilfelle av trugsmål mot politiet og eitt tilfelle av forsøk på ruskøyring og brukstjuveri av ein buss, vart den samla straffa sett til fengsel i eitt år.

Les avgjerda

Rettsområde: Strafferett. Straffelova §§ 77, 79, 168, 263, 271

Nøkkelavsnitt: 27, 31 og 32

Dommarar: Øie, Arntzen, Falch, Bergh, Høgetveit Berg