Bøtelegging etter demonstrasjon som hindra trafikken var ikkje i strid med forsamlingsfridomen

Høgsteretts dom 13. mai 2022, HR-2022-981-A, (sak nr. 21-162994STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A, B (advokat Aurora Lindeland Geelmuyden) mot Påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen)

To demonstrantar tilknytte Extinction Rebellion vart bøtelagde etter ein aksjon der dei utan varsel til politiet var med på å stoppe trafikken i om lag 90 minutt på Ring 1 i Oslo ein måndags morgon.

Hovudspørsmålet i saka var om inngrepet var i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 11 om forsamlingsfridomen. Høgsterett kom til at det ikkje låg føre brot på artikkel 11. Samfunnet må tole ei viss forstyrring av dagleglivet, og styresmaktene må vise ein viss toleranse. Men der det er fare for liv og helse, kan styresmaktene likevel gripe inn med ein gong. Det skal jamt over også mykje til for at inngrep mot ein aksjon som skapar alvorleg forstyrring av trafikken, og som ikkje er varsla og er i strid med nasjonalt regelverk, vil vera i strid med artikkel 11.

Høgsterett uttalte også at EMK artikkel 11 ikkje gjer at bøtenivået etter ulovlege demonstrasjonar generelt skulle reduserast.

Høgsterett fann at bøtenivået i utgangspunktet burde vera 20 000 kroner. Bøtene vart etter varetektsfrådrag sette til 18 000 kroner.

Høgsterett fann vidare at tida var inne for å justere grunnlaget for omrekning av bøtestraff til subsidiært fengsel frå 500 til 1000 kroner per dag. Den subsidiære fengselsstraffa vart difor – før frådrag for fridomstap – sett til 20 dagar.

Dommen illustrerer grensene for den straffrie demonstrasjonsretten. I tillegg avklarar dommen fleire spørsmål knytt til straffutmåling ved bøter.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Menneskerettar. EMK artikkel 11. Bøtestraff

Nøkkelavsnitt: 34, 54, 64

Dommarar: Øie, Kallerud, Bergsjø, Bergh, Høgetveit Berg