Stemning mot Oslo kommune var teke ut i tide

Høyesteretts dom, 24.april 2023, HR-2023-766-A (sak nr. 22-096894SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

KF Entreprenør AS (advokat Erlend Wallevik Holstrøm), Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (partshjelper) (advokat Nils-Henrik Pettersson) mot
Oslo kommune (Kommuneadvokaten i Oslo v/advokat Jostein Sæbø Fausa)

Saka gjeld tvist om sluttoppgjeret etter ein totalentreprisekontrakt knytt til arbeidet på ein barnehage i Oslo.

Saka var for Høgsterett avgrensa til spørsmålet om entreprenøren på grunn av fristregelen i NS 8407 punkt 35.2 bokstav b hadde tapt endringskrav framsett mot kommunen. For ikkje å tapa avslåtte endringskrav, må entreprenøren etter denne klausulen iverksetja ordinær rettargang innan åtte månader etter overtaking.

Spørsmåla var om det var tilstrekkeleg at entreprenøren hadde sendt forliksklage innan denne fristen, eller om forliksklagen måtte følgjast opp med vidare skritt for at krava ikkje skulle gå tapt. Vidare var det spørsmål om stemning i så fall var teke ut i tide etter fristreglane i tvistelova § 18-3.

Høgsterett kom til det ikkje var nok at entreprenøren berre sendte forliksklage innan den avtalte fristen for å behalda krava sine. Men fristen i NS 8407 punkt 35.2 bokstav b er ein foreldingsfrist som gjer at eittårsfristen i tvistelova § 18-3 andre ledd kjem til bruk. Stemninga frå entreprenøren var difor teke ut i tide.

Dommen avklarar at det etter NS 8407 punkt 35.2 bokstav b ikkje er nok berre å senda forliksklage for å behalda krava sine og at klausulen er ein materiell foreldingsregel som er omfatta av tvistelova § 18-3 andre ledd.

Rettsområde: Entreprise. Forelding. NS 8407 punkt 35.2 bokstav b. Tvistelova § 18-3

Nøkkelavsnitt: 68-75, 81-83, 92-94, 99

Les avgjerda (HR-2023-766-A)

Dommarar: Matheson, Normann, Arntzen, Østensen Berglund og konstituert dommar Elsheim.