Straffutmåling for ulovleg innehaving og sal av skytevåpen og ammunisjon
Høgsteretts dom 21. juni 2023, HR-2023-1158-A, (sak nr. 23-022036STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Halvard Helle) mot Påtalemakta (statsadvokat Alf Butenschøn Skre)
Ein mann på 50 år hadde oppbevart og selt ei stor mengd våpen og ammunisjon. Våpna var oppbevart saman med ammunisjonen og ingen av dei var nedlåst i godkjent våpenskap. Mange av våpna var heil- eller halvautomatiske våpen som det er totalforbod mot i Norge. Dei våpna tiltalte hadde selt var ikkje deaktiverte etter gjeldande reglar.
Høgsterett har tatt stilling til straffutmålinga og uttaler at utgangspunktet for straffa for våpenlovbrota er fengsel i to år og fire månader. Etter tillegg for eit forsikringsbedrageri og frådrag for tiltalte si erkjenning og tida som var gått, vart straffa sett til fengsel i to år.
Høgsterett la vekt på at lovgjevar i førearbeida til straffelova § 191 har gjeve uttrykk for at det alminnelege straffenivået for grove våpenlovbrot skal skjerpast. Det vart synt til at ulovleg sal av våpen er samfunnsskadeleg fordi våpen kan koma på avvege og verta nytta i samband med straffbare handlingar. Særleg gjeld det for automatvåpen.
Dommen gjev vegleiing om straffenivået for grove våpenlovbrot.
Les heile avgjerda (HR-2023-1148-A)
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 191
Nøkkelavsnittt: 24, 25 og 35
Dommarar: Indreberg, Matheson, Bull, Falch og kstdommar Magni Elsheim