Straffbart å gje urett forklaring for forliksrådet

Høgsteretts dom 7. september 2023, HR-2023-1638-A, (sak nr. 23-043575STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Knut Helge Hurum) mot Påtalemakta (kst. statsadvokat Karl Kristian Nordheim)

Ein manager som låg i konflikt med ein annan person etter Instagram-innlegg, sendte kopi av ein manipulert e-post til advokaten sin. E-posten framstod som dokumentasjon på eit økonomisk tap. Advokaten sendte e-posten vidare til forliksrådet som vedlegg til ei forliksklage.

Manageren vart etter dette tiltalt og straffa for å ha gjeve urette opplysningar til forliksrådet. Han anka til Høgsterett. Spørsmålet for Høgsterett var om forbodet mot å gje urette opplysningar til «retten» i straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a også omfattar opplysningar gjevne til forliksrådet.

Høgsterett svarte samrøystes bekreftande på spørsmålet, sidan forliksrådet blir rekna for å vera ein domstol. Dette er ikkje i strid med det strafferettslege lovkravet. Anken frå manageren førte difor ikkje fram.

Les avgjerda frå Høgsterett (HR-2023-1638-A)

Rettsområde: Strafferett. Lovskravet. Grunnlova § 96, Straffelova § 14 og § 221, EMK artikkel 7

Nøkkelavsnitt: 22 og 26

Dommarar: Matheson, Normann, Bull, Høgetveit Berg, Hellerslia