Lagmannsrettsdom om forsettleg drap med hagle oppheva
Høgsteretts dom 14. mars 2023, HR-2023-469-A, (sak nr. 22-165485STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Thomas Horn) mot Påtalemakta (fyrstestatsadvokat Esben Kyhring)
Saka for Høgsterett gjaldt spørsmålet om lagmannsretten hadde nytta forsettsforma hensiktsforsett rett ved domfelling for drap der dødsfølgja realiserte seg på ein uføresett måte. Fleirtalet i lagmannsretten hadde funne det prova at den tiltalte hadde til hensikt å drepa ekskjærasten sin då han fann fram eit haglgevær og putta patronar i dei to løpa. Grunna ei funksjonsfeil gjekk begge skota av då han klappa saman geværet under ladinga. Ekskjærasten vart drepen momentant. Lagmannsretten fann at den tiltalte ikkje ville ha avstått frå å seinare trekkje av mot kvinna dersom hagla ikkje hadde gått av ved ladinga. Lagmannsretten fann at krava til hensiktsforsett var oppfylte, og dømde den tiltalte for fullbyrda forsettleg drap med hensikt.
Høgsterett uttalar at for å kunne dømast for fullbyrda forsettleg drap med hensikt, må forsettet til gjerningspersonen dekkje det verksame elementet i drapshandlinga.
Lagmannsretten hadde ikkje identifisert eller drøfta kva som var den konkrete relevante «handling» som forsettet måtte omfatte. Sidan det ikkje gjekk fram av lagmannsrettens dom om retten hadde teke stilling til om den tiltalte søkte å oppnå kvinnas død ved å lade hagla, var det uklart om lagmannsretten hadde forstått og vurdert hensiktsforsettet for fullbyrda drap korrekt. Høgsterett oppheva lagmannsrettens dom. Lagmannsretten må handsame saka på nytt.
Les avgjerda frå Høgsterett (HR-2023-425-A)
Rettsområde: Strafferett; straffelova § 22, § 275
Nøkkelavsnitt: 22-23, 28-30
Dommarar: Matheson, Bull, Bergsjø, Østensen Berglund, Høgetveit Berg