Ikkje rett til vederlag for mellombelse støyplager langs E18
Høgsteretts dom 26. september 2024, HR-2024-1717-A, (sak nr. 23-186094SIV-HRET), sivil sak, anke over Borgarting lagmannsretts overskjøn 13. september 2023.
Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Kristoffer Nerland) mot A, B, C, D, E, F, G, H, I, J (advokat Thomas Andersen)
Saka gjeld vederlag etter oreigning langs E18 i Bærum.
Det fyrste spørsmålet var om eigarane av fleire eigedomar langs Sandviksveien hadde krav på vederlag for redusert omsetnadsverdi for mellombelse støyplager knytte til utbygginga av E18.
Høgsterett har kome til at ein verdireduksjon som er mellombels, isolert sett ikkje skal reknast for å reflektere noko økonomisk tap etter grannelova § 9. Det er fyrst dersom eigedomen blir seld eller verdireduksjonen faktisk blir realisert på annan måte – innanfor perioden for den mellombelse verdireduksjonen – at det vil kunne oppstå eit relevant økonomisk tap. Dersom eigaren sit med eigedomen til ulempene er borte, vil formuesstillinga vera den same som før ulempene tok til. Lagmannsrettens overskjøn blir oppheva på dette punktet.
Ein av dommarane dissenterte og meinte at grunneigarane har lide eit økonomisk tap som svarar til den reduserte omsetnadsverdien som støyplagene har påført eigedomene deira, slik lagmannsretten hadde berekna tapet. Heller ikkje ved mellombelse ulemper er det krav om at eigedomane blir selde for at eit økonomisk tap skal oppstå.
Det andre spørsmålet var om det ved utmålinga av vederlaget for oreigninga av delar av ein annan eigedom, i Markalleen, skulle gjerast frådrag i vederlaget fordi den attverande eigedomen vil vera meir attraktiv når vegprosjektet er ferdig rundt 2030.
Det avgjerande var om lagmannsretten hadde gjort ei konkret vurdering av særfordelen. Høgsterett kom samrøystes til at det var tilfellet, og forkasta anken på dette punktet.
Rettsområde: Oreigningsrett, Grannelova §§ 2, 9 og 10, Vederlagslova §§ 8 og 9
Nøkkelavsnitt: 46–48, 54, 72–74
Dommarar: Indreberg, Matheson, Falch, Høgetveit Berg, Sivertsen