Skade etter fall på arbeidsplass var ikkje yrkesskade
Høgsteretts dom 29. oktober 2024, HR-2024-1982-A, (sak nr. 24-004440SIV-HRET), sivil sak, anke over Borgarting lagmannsretts dom 13. november 2023.
Gjensidige forsikring ASA (advokat Jardar Aas) mot A (advokat Marit Asphaug)
I 2017 fall ein heismontør og slo hovudet i betonggolvet på arbeidsplassen etter å ha svima av. Etter hendinga var han sjukmeld lenge. Spørsmålet for Høgsterett var om hendinga skal reknast som ei «arbeidsulykke». Forsikringselskapet meinte at hendinga ikkje kunne reknast som ei arbeidsulykke, og at heismontøren difor ikkje har krav på yrkesskadeforsikring. Fleirtalet på fire dommarar i Høgsterett er samd i at vilkåra for yrkesskadeforsikring ikkje er oppfylte. Mindretalet på éin dommar meinte vilkåra var oppfylte.
Ut frå lovførearbeida og føremålet med yrkesskadeforsikringslova § 11 meiner Høgsterett at fall på arbeid som skjer utan ytre påverknad, og der skaderisikoen ikkje er auka – til dømes frå ståande posisjon på flatt underlag – ikkje er omfatta av arbeidsulykkeomgrepet. Årsaka til skaden må ha ei tilknyting til arbeidet eller risikofaktorar på arbeidsplassen, og gjeld mellom anna ikkje der årsaka til fallet er sjukdom eller at nokon brått blir dårleg, som i denne saka.
Vedtakinga av ny folketrygdlov i 1997 har ikkje endra rettstilstanden. Heller ikkje seinare praksis frå Trygderetten, Rikstrygdeverket og NAV tilseier ei anna tolking av yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a.
Avgjerda klårgjer forståinga av omgrepet «arbeidsulykke» i yrkesskadeforsikringslova § 11 fyrste ledd bokstav a.
Les avgjerda frå Høgsterett (PDF)
Rettsområde: Yrkesskadeforsikringslova § 11, Folketrygdlova § 13-3
Nøkkelavsnitt: 42, 54, 70–72
Dommarar: Indreberg, Ringnes, Bergh, Berglund, Høgetveit Berg