Tilleggsvilkåra for ung ufør var ikkje oppfylte
Høgsteretts dom 18. desember 2024, HR-2024-2340-A, (sak nr. 24-085135SIV-HRET), sivil sak, anke over Frostating lagmannsretts dom 19. april 2023.
Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten
v/advokat Lisa-Mari Moen Jünge) mot A (advokat Andreas Bach Thorgaard)
Ei ung kvinne som vart ufør i 2020 kravde tillegg i uføretrygda etter særreglane om unge uføre i folketrygdlova.
Kvinna hadde etter ei lett hjerneristing hatt hovudverk, betydeleg svekt hugs og konsentrasjonsevne, med manglande orienteringsevne og tidsperspektiv. Denne medisinske lidinga hadde redusert fungeringa hennar betydeleg. Tilstanden var etter lagmannsrettens syn invalidiserande. Dette gjorde at enkle oppgåver som husarbeid og butikkbesøk var ei stor mental belastning for henne. Det låg derimot ikkje føre ein diagnose eller objektive funn knytt til ei alvorleg medisinsk liding.
Høgsterett har med referanse til ei tidligare avgjerd (HR-2021-2276-A) kome til at den medisinske lidinga ikkje er alvorleg nok til å oppfylle dei strenge vilkåra for å få høgare trygd som ung ufør. Lidinga er derimot døme på diffuse og samansette plager som er i kjernen av det lovgjevaren har meint ikkje oppfyller tilleggsvilkåra for å få høgare trygd. Staten var frifunnen.
Les avgjerda frå Høgsterett (PDF)
Rettsområde: Trygderett. Folketrygdlova § 12-13 tredje ledd.
Nøkkelavsnitt: 24-25
Dommarar: Matheson, Falch, Høgetveit Berg, Stenvik, Sivertsen