Utmåling av straff og oppreising for overgrep gjort av tilsett ved barnevernsinstitusjon

Noregs Høgsteretts dom 27. juni 2024, HR-2024-1201-A, (sak nr. 24-032386STR-HRET), straffesak, anke over Gulating lagmannsretts dom.

A (advokat Frode Sulland) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes),B (advokat Karoline Henriksen)

Saka gjeld straffutmåling for ein tilsett ved ein barnevernsinstitusjon som var domfelt for å ha hatt 30 samleie over 5 månader med ei 16 år gamal jente som han hadde ansvaret for. I tillegg gjeld saka utmåling av oppreising.

Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i 3 år og 3 månader, i tillegg til at den domfelte fekk restriksjonar på kva slags stilling han kan ha i framtida (rettstap).

Høgsterett vraka anken frå den domfelte om lengda på fengselsstraffa. Rettstapet vart noko justert, slik at mannen på ubestemt tid vart frådømd retten til å ha stilling i institusjonar under barnevernet der han har høve til å vera aleine med born. Oppreisingsbeløpet til den fornærma vart sett til 150 000 kroner, som er noko mindre enn i dommen frå lagmannsretten.

Eit mindretal på to dommarar meinte at fengselsstraffa skulle reduserast til 1 år og 9 månader, og at oppreisinga skulle reduserast ytterlegare.

Les avgjerda frå Høgsterett (PDF)

Rettsområde: Straffelova § 296

Nøkkelavsnitt: 14, 22, 28, 32, 35, 44–45

Dommarar: Falkanger, Falch, Høgetveit Berg, Sæther, Stenvik