Lagmannsrettens orskurd i sak om petroleumsfelt i Nordsjøen vert oppheva

Høgsteretts orskurd 11. april 2025, HR-2025-677-A, (sak nr. 24-177617SIV-HRET), sivil sak, anke over Borgarting lagmannsretts orskurd 14. oktober 2024. 

Föreningen Greenpeace Norden, Natur og Ungdom (advokat Jenny Arge Sandvig) mot Staten v/Energidepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Omar Saleem Rathore)

Saka gjeld krav om mellombels åtgjerd – «midlertidig forføyning» – for krav om ugyldigheit av såkalla PUD-vedtak og stans i utbygging av og produksjon på tre petroleumsfelt i Nordsjøen. 

Spørsmålet for Høgsterett var om lagmannsretten hadde tolka reglane om mellombels åtgjerd i tvistelova § 34-1, rett.

Lagmannsretten hadde lagt til grunn – ut frå overordna samfunnsomsyn – at han ikkje hadde kompetanse til å etterkoma kravet om mellombels åtgjerd, sidan det var tale om klimagassutslepp frå petroleumsutvinning.

Høgsterett har kome til at dette er feil lovtolking, og opphevar orskurden.

Høgsterett har ikkje sjølv teke stilling til hovudkravet om ugyldigheit, eller om det er nødvendig å gripe inn («sikringsgrunn») og om dette vil vera proporsjonalt, men uttalar at lagmannsretten ved den nye vurderinga si må leggje til grunn:

  • Dersom eitt eller fleire av grunnvilkåra i tvistelova § 34-1 for mellombels åtgjerd – hovudkrav, sikringsgrunn og proporsjonalitet (mishøve) – ikkje er oppfylte, kan mellombels åtgjerd ikkje vedtakast. 

  • Mishøve-vurderinga etter tvistelova § 34-1 andre ledd er konkret og kan ikkje byggje på at domstolane har avgrensa kompetanse.

  • Dersom det blir sannsynleggjort at EUs prosjektdirektiv er brote og vilkåra elles er oppfylte, må kompetansen som «kan-skjønet» i § 34-1 fyrste ledd gjev domstolane, i denne saka nyttast til å vedta ei mellombels åtgjerd.

Avgjerda klargjer innhaldet i tvistelova § 34-1.

Les avgjerda frå Høgsterett (PDF)

Rettsområde: Sivilprosess

Nøkkelavsnitt: 57-61

Dommarar: Falkanger, Bergsjø, Falch, Høgetveit Berg, Sæther