Ungdomsstraff kombinert med fengselsstraff
Høgsteretts dom 10. september 2025, HR-2025-1733-A, (sak nr. 25-115311STR-HRET), straffesak, anke over Borgarting lagmannsretts dom 27. juni 2025.
A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Richard Beck Pedersen)
Saka gjaldt straffutmåling etter domfelling for mellom anna drapsforsøk og grov kroppsskading gjort av ein 15 og eit halvt år gamal gut. Hovudspørsmålet var korleis vilkårslaust fengsel skulle kombinerast med ungdomsstraff.
Føremålet med ungdomsstraff er å legge til rette for mest mogleg tenleg reaksjon og å redusere talet på born som gjennomfører straff i fengsel. Terskelen for å dømme born til fengsel er høg, men kan kombinerast med ungdomsstraff der dette er særleg påkravd. Fengsel skal nyttast så lite som råd, også for dei mest alvorlege lovbrota.
Høgsterett kom til at den konkrete kombinasjonen av fengsel og ungdomsstraff må fastsetjast ut frå kva som samla sett er mest eigna for å få den tiltalte på rett kjøl. Eit viktig omsyn ved utmålinga av fengselsstraffa er å redusere risikoen for nye lovbrot og leggje til rette for at ungdomsstraffa kan gjennomførast på vellukka vis. Utmålinga må primært tuftast på individuelle omstende – både individualpreventive omsyn og omsyna til den domfelte sine behov. Men også omsynet til samfunnsvernet og allmenprevensjon vil ha vekt alt etter kor alvorleg saka er.
I den konkrete utmålinga kom Høgsterett til at ei fengselsstraff på 1 år og 9 månader måtte etterfølgjast av ei ungdomsstraff med ei gjennomføringstid på 2 år.
Les avgjerda frå Høgsterett (PDF)
Rettsområde: Straffelov §§ 3, 29, 33, 52a, 52b, Grunnlova § 104
Dommarar: Noer, Falch, Høgetveit Berg, Sæther, Lund