Vilkåra for å ha ei særleg uavhengig stilling
Høgsteretts dom 14. oktober 2026, HR-2026-2227-A, (sak nr. 25-202049SIV-HRET), sivil sak, anke over Gulating lagmannsretts dom 20. oktober 2025.
A, NITO (partshjelpar) (advokat Oddvar Lindbekk) mot B (advokat John Heitmann), SMB Norge (partshjelpar) (advokat Nicolay Peter Resen-Fellie Skarning)
Saka gjeld krav om skadebot for manglande overtidsbetaling. Ein arbeidstakar var tilsett som prosjektleiar i eit entreprenørselskap. Spørsmålet var om arbeidsavtala hans var i strid med dei ufråvikelege reglane om overtidsbetaling i arbeidsmiljølova § 10-6. Desse reglane gjeld ikkje for arbeidstakarar i «særlig uavhengig stilling», jf. arbeidsmiljølova § 10-12 andre ledd. Hovudspørsmålet for Høgsterett var korleis dette uttrykket skal forståast.
Høgsterett har kome til at det ikkje tilstrekkeleg at stillinga gjev arbeidstakaren fleksibel arbeidstid. For å bli rekna som ei særleg uavhengig stilling må stillinga innebera tydeleg og openberr uavhengigheit. Eit sentralt moment i vurderinga er om arbeidstakaren har stor fridom til å bestemme omfanget av arbeidet og når det skal utførast. Vurderinga må uansett vera konkret og byggje på alle relevante omstende og rammevilkår.
Lagmannsretten hadde kome til at arbeidstakaren hadde ei særleg uavhengig stilling. Høgsterett var ikkje samd i dette. Arbeidstakaren kunne styre arbeidsoppgåvene i prosjekta og hadde stor fridom til å bestemme korleis dei skulle utførast . Han hadde derimot avgrensa kontroll over eiga arbeidsmengd og bestemte heller ikkje fritt når arbeidet skulle gjerast. Som prosjektleiar i dei ulike byggjeprosjekta arbeidde han under rammevilkår som i praksis avgrensa høvet til å styre eiga arbeidstid. Lagmannsrettens dom vart difor oppheva.
Dommen klargjer vurderingstemaet etter arbeidsmiljølova § 10-12 andre ledd.
Les avgjerda frå Høgsterett (PDF)
Rettsområde: Arbeidsrett
Nøkkelavsnitt: 30, 36–39, 44–45
Dommarar: Falkanger, Falch, Berg, Stenvik, Vang