Høg terskel for å bruke den avtalerettslege godtrustandarden

Høgsteretts dom 17. november 2026, HR-2026-2465-A, (sak nr. 26-005409SIV-HRET), sivil sak, anke over Gulating lagmannsretts dom 20. november 2025. 

A (advokat Terje Dahl Svendsen) mot Lyse Marked AS (advokat Stig Berge)

Saka gjaldt oppgjer etter oppseiing av ei avtale mellom næringsdrivande om finansiell kraftforvaltning. Ho reiste særleg spørsmål om bruk av godtrustandaren ved avtaletolkinga.

Godtrustandarden går ut på at dersom den eine parten har ei særleg oppfatning av innhaldet i ei avtale, i strid med den objektive tolkinga, og den andre parten kjende til oppfatninga, vil den oppfatninga kunne bli lagd til grunn. 

Høgsterett uttalte at godtrustandarden er ei normativ vurdering, der det ikkje er tilstrekkeleg at parten burde ha skjønt kva den andre parten meinte. Det krevst at parten ved avtaleslutninga måtte forstå kva den andre parten meinte. Det er såleis tale om ein snever unntaksregel frå det objektive tolkingsprinsippet. Terskelen for å bruke standarden i kommersielle forhold er høg.

Vurderinga må ta utgangspunkt i om avtaleparten kan klandrast på ein slik måte at omsynet til lojalitet tilseier at parten bør vera bunden. Dette er ei konkret vurdering der ein må leggje vekt på klårleiken i ordlyden, om avtala er individuelt framforhandla, kor kompleks avtala eller livsområdet ho er meint å regulere er, og om partane er jambyrdige, særleg med omsyn til kunnskap. 

Ved einsidig fastsette vilkår der den som gjer godtrustandarden gjeldande, har større kunnskap enn den andre parten, skal det svært mykje til før standarden kan føre til ei tolking på tvers av den objektive tolkinga.

Det konkrete spørsmålet i saka var om ein part måtte forstå at det var ein feil i ordlyden i avtala, og om parten difor var bunden av den forståinga som den andre parten hadde lagt til grunn. Høgsterett svarte nei på dette. 

Les avgjerda frå Høgsterett (PDF)

Rettsområde: Avtalerett, avtaletolking

Nøkkelavsnitt: 31–33

Dommarar: Falkanger, Høgetveit Berg, Steinsvik, Steen, Wennerås